Globus 7

I Globus 7 lærer du om viktige tema og omgrep frå samfunnskunnskap, historie og geografi.

I samfunnskunnskap handlar det om identitet og korleis han blir forma, og om kultur i ulike land og aldrar. Du lærer også om rusmiddel, om lover knytte til rusmiddel og om forholdet menneske har til rusmiddel. Til slutt lærer du om internasjonalt samarbeid og om ulike former for samarbeid Noreg deltek i.

I historia handlar det mest om perioden frå 1349 til 1750, om renessansen og opplysningstida, om oppdagingsreiser og kulturmøte, om svartedauden i Noreg og om dansketida. Du lærer også om ulike kjelder som fortel om kulturmøte, kjeldekritikk og om norsk deltaking i slavehandelen.

I geografi er hovudtemaet verda - om jorda vi bur på, om naturtypar, busetjing og flyttemønster, og om likskapar og forskjellar mellom menneske og land på jorda. I Globus 5 lærte du om Noreg og om fylka i Noreg, og i Globus 6 om Europa. I Globus 7 kjem du til å lære om verdsdelane og utvalde land i verda.

Nettressursar

Cappelens Atlas - Barnetrinnet

http://atlas.cappelendamm.no/_barn/c24845/barn.html