Globus 6

Globus 6 Samfunnsfag

I Globus 6 lærer du om mange viktige tema og omgrep frå samfunnskunnskap, historie og geografi.

I samfunnskunnskap lærer du om demokrati som styringsform og om demokratiet i Noreg. Du lærer også om samane, blant anna at rettar det blei kjempa for under krigen mot nazistane, måtte samane kjempe for også etter krigen - da mot norske styresmakter. Til slutt lærer du også om forbruksvanane våre, om korleis dei blir påverka og utvikla, og konsekvensar dette har for miljøet rundt oss.

I historia lærer du om perioden frå 500-1500 e. Kr. i Europa og i Noreg. Romarriket hadde blitt delt i 395, og i 476 blei den siste vestromerske keisaren avsett. Romarriket var borte, og mellomalderen sette inn. Globus 6 handlar om Karl den store og Frankarriket, om riddarar, korstog, vikingtid- og ferder og om kristninga og stordomstida i Noreg.

I geografi er hovudtemaet Europa - vår verdsdel, om grenser, vêr og landskap; om produksjon, forbruk og miljø; om busetnad og levevis; og om regionar og enkelte land i verdsdelen vår. I Globus 5 lærte du om Noreg og om fylka i Noreg. I Globus 7 kjem du til å lære om verda, men i Globus 6 lærer du altså om Europa.

Nettressursar

Cappelens Atlas - Barnetrinnet

http://atlas.cappelendamm.no/_barn/c24845/barn.html